Sjekk ut spelelista for Palepop 2026!
Oversikt over alle som skal underhalde oss på Palepop 2026. Her finner du alt fra lokale artister til nasjonale stjerner.
NICO & VINZ
I fjor markerte Nico & Vinz ti år sidan det internasjonale gjennombrotet med den uforgløymelege hiten «Am I Wrong» – ei låt som fortsatt røyrer og begeistrar publikum over heile verda!
Frå hitlistene til hjarta til millionar av lyttarar har duoen etablert seg som ein av Noregs mest suksessrike musikkeksportørar, med låtar som «In Your Arms» og «That's How You Know» på merittlista.
Kjende for sin løftande lyd, sterke vokalar og ettertenksame tekstar, har Nico & Vinz oppnådd global anerkjenning, hundrevis av millioner av streams og opptredenar på nokre av verdas største TV-show – mellom anna The Tonight Show, Ellen og Letterman. Dei har samarbeidd med internasjonale stjerner som Bebe Rexha, Taylor Swift og Nicky Romero, og spelt på store scener verda over.
I 2026 vender Nico & Vinz tilbake til festivalscena med band og eit fornya live-show som samlar høgdepunkt frå heile karriera – frå globale hits til publikumsfavorittar og ferske låtar frå studioet.
Forvent varme, rytme og energi i verdsklasse i solnedgangen på Stangeland Gard – levert av artistar som for lengst har skreve seg inn i moderne norsk musikkhistorie!
John Olav Nilsen
Me er i ekstase over å kunne presentere John Olav Nilsen & Nordsjøen til Palepop
Når John Olav Nilsen & Nordsjøen entrer scena på Stangeland Gard kan publikum forventa ein energisk konsert med eit band i toppform, som serverer både nye låtar, og alle dei kjende og kjære klassikarane!
Heilt sidan den kritikarroste og Spellemann-vinnande debutplata «For sant til å vere godt», har mannen frå Loddefjord vore ein av sin generasjons fremste livefavorittar, kor fulle hus og øyredøyvande allsang har vore standard på konsertar og festivalar, deriblant når dei gjesta Havfest på Storebø for vel eit tiår sidan!
Låtar som «Diamanter og kirsebær», «Hull i himmelen» og «Valiumsvalsen» vil stå seg som evige klassikarar i norsk musikkhistorie og Palepop publikummet kan gle seg til at John Olav Nilsen & Nordsjøen skapar magisk stemning på Stangeland Gard sommaren 2026!
Skaar
SKAAR er ei ekte naturkraft, rett frå det ville, vakre vestlandet med sine djupblå fjordar og snødekte fjell.
Med ei stemme som bærer langt utover barndommens kystlandskap, ein energi som får hav til å bølga og ein innlevelse som skjærer i hjarterota.
Kombinert med eit sterkt tekstunivers og dansebare rytmar er det umogleg å vere nøytral når SKAARs delikate tonar strøymer gjennom kropp og sjel.
Ein Spellemannspris for årets låtskrivar vitnar om en artist med slagkraft i form og bodskap, ei som tar den plassen hun fortener og som har planer om å behalde den.
No legger SKAAR smerten frå «Mad Woman»-eraen bak seg og går framover inn i eit indre fantasiunivers kor man skal utforske kven man er og samtidig reise mot sine egne musikalske røter.
Dark scandi-versjonen av SKAAR er på vei ut og det blir rom for en meir autentisk versjon av artisten sjølv. En SKAAR som ikkje lenger prøver å være som dei andre, men som står støtt i å være den nerdete, goofy og gøyale dama. En coming of age-story med glimt i auget om du vil, representert gjennom et varmare og meir organisk lydbilde enn tidlegare. SKAAR sin rå stemmekraft og formidlingsevne er derimot som før, heldigvis!
Me gler oss til SKAAR skal lage fantastisk og nydeleg stemning på Stangeland Gard, til sommaren.
YLVA
Me er utruleg nøgd med å kunne presentere Ylva som artist på Palepop 2026
2025 har verkeleg vært Ylva sitt år, fleire låtslipp som har blitt fan-favorittar, Spellemann månedens låt, ukas låt på P3, opptreden på P3 Live, og ikkje minst må me nevne låta “Maskulin” som er nominert til “Årets låt på P3 Gull” og som gjennom seinsommaren klatra til førsteplass på “Topp 50 i Norge” og har allereie over sju millionar Spotify-streams – her snakkar me ekte hit!🔥
Ylva slo gjennom allereie som 15-åring i TV2-programmet The Stream, og sidan den gong har ho ikkje sett seg tilbake. Ho har gitt ut fleire singlar og EP-ar, som «Cut the shit», «Ligge» og nyast av alt «HÆ?», i tillegg til populære duettar med Stig Brenner.
Ho er også nominert til «Årets artist på P3 Gull», noko som bekrefter at både publikum og kritikarar verkeleg har fått auge på henne.
Når Ylva entrar hovudscena på Stangeland Gard blir det garantert rå stemning, maksimalt med energi og fengjande låtar som vil gå på repeat i hovudet lenge etter at konserten er avslutta!
Kristi Brud
Bandet som av fleire musikkmeldarar vert kalla eit av Noregs desidert beste rockeband, står fredag 24. juli på hovudscena på Stangeland Gard!
Etter braksuksessen med debutplata “Alt er nytt” , som vart løna med Spellemannprisen for årets rockealbum i 2024, slapp dei i fjor haust oppfølgjaralbumet Et fall. Plata har vorte hylla av eit samla pressekorps, og suksessen vart toppa med ein omfattande Skandinavia-turné.
I juni spelar Kristi Brud på sjølvaste Bergenfest, og i juli set dei kursen mot Stolmen og gitarist Nikolas Jon sin eigen bakgard. Her vil låtar som “Spiller ingen rolle”, “Er du klar for å ha det gøy”, "Flammehav”, "Blindveier" og "Det blåser gjennom huden” garantere råskap og rock av ypperste klasse!
Sjekk ut Kristi Brud på Spotify
Jonas Lovv
Gled dykk, folkens! Ein av årets sterkaste nykommarar på dei norske festivalscenane kjem til Palepop 2026!
Frå å trollbinde dommarar og publikum i The Voice, til å lyse opp festivalar over heile Vestlandet og fylle Grieghallen med KORK på slep i sommar har JONAS LOVV verkeleg skutt i været som artist i 2025!
Med ei unik stemme og ein sjarm som smittar, leverar han energiske liveshow som får dei mest urytmiske av oss til å vrikka på dansefoten!
I 2026 vil Jonas fortsette der han slapp i år, og me føler oss heldige som får sjå han på scena på Stangeland Gard kommande sommar!
Seagulls
Fest bukseselane og gjer slipset ditt sjøklart, for Seagulls er klar til å få Palepop til å koka. Gjengen frå Austevoll solgte ut Kvarteret i Bergen i vår, og fekk telte på Øyafest til å rista i sommar!
Måsane kom nyleg ut med sin fyrste singel «Mrs Ginger», og meir kjem. Med eit energisk sceneshow, kanon gode covers og fengande egne låtar, er alt lagt til rette for tidenes fest med Seagulls, på Stolmen.
Fordrekord
Gjer klar danseskoa, Fordrekord kjem til Palepop 2026!
Denne energiske sekstetten frå Haugalandet har bygd seg eit solid rykte på Vestlandet med fengande låtar og full av sjarm på scena! Dei har blant anna spelt på Sildajazzen, Vaulen-festivalen, Kjøttbasaren i Bergen, Rådhusplassen i Haugesund, og på klubbar som Ladekaia i Trondheim
Bandet har blitt samanlikna med det svenske kultbandet Bob Hund og med låtar som «Hestar», «Faen, eg savne deg nå», «Fjern» og den ferske singelen «Astronauten» leverer dei 80-talsinspirert pop med fengande refreng, humoristiske tekstar og ein unik sjarm som definitivt smittar!
NRK kallar dei «frisk popenergi», Stavanger Aftenblad seier «sol, fest, lange lyse kveldar og bekymringslause horisontar» - og publikum berre dansar vidare!
Når FordRekord entrer Palepop-scena, kan du vente deg ein uforgløymeleg kveld - og kanskje eit nytt favorittband?
Fangst
Palepop er i ekstase over å sleppa Fangst ut på scena på Stangeland Gard i juli!
Medlemmer frå Honningbarna, Death By Unga Bunga og Hvitmalt Gjerde har slått seg saman og skapt ein eksplosiv miks av melankolsk og energisk norsk rock
I løpet av den korte tida bandet har eksistert har supergruppa spelt inn albumet «Føniksinstituttet» og den ferske oppfølgjaren «Fangst Sinatra» og fått glitrande omtalar, dei har åpna Amfiscenen på Øyafestivalen og varma opp for Kiss!
Med låtar som «Himmelen i kveld», «Knivsegg» og «Hundre netter» er det lett å forstå kvifor Fangst blir av fleire omtala som «Noregs beste liveband akkurat no»
Dette blir intenst, ekte og heilt umogleg å stå stille til Fangst kjem til å setja fyr på sommarkvelden i Austevoll – vi sjåast framme ved scena!
Bellefolie
Dei varma opp for Sivert Høyem i fjor sommar og har spelt i både Paris og London! – Laurdag 25. juli står Isabell og resten av Bellefolie på Palepop-scena på Stangeland Gard!
Musikken vert omtala som alternativ pop med rå emosjonell intensitet, og kan minnast om både Röyksopp og Soap&Skin. Stemma til austevollingen er av fleire anmeldarar samanlikna med både Björk og Lorde.
Bellefolie vart i fjor omtala som ein av dei mest spennande nykomlingane i Noreg, blant anna med kåring som vekas artist av Skandinavias største musikkmagasin GAFFA og særs gode skussmål på Vill Vill Vest.
No er dei ut på europaturné med debutalbumet Beautiful Madness, og fleire av låtane har vore lista på NRK P1, P3 og P13 her heime, og spelt på radio i både Frankrike, Italia og Tyskland.
Me gler oss heise til Isabell kjem «heim» for å sette fyr på Stolmen med låter som Modern Aparthy, In the clouds og Your Gates
Nelly Moar
NELLY MOAR TIL PALEPOP 2026
Nok eit artistslepp! Endelig kan me dele at Nelly Moar kjem til Palepop! Laurdag 24. juli
Artisten med røter frå Austevoll er ei av landets heitaste R&B artistar om dagen, og har for lengst overbevist musikkanmeldarar og kritikarar, noko Spellemannsnominasjonen i 2022 for debut-EP’en “Nelly Moar”var første bevis på!
I fjor slapp ho endeleg debutalbumet sitt “Love’s Law”, kor singlane Dream, Sound Of, Not Going Home, Better Without Me og HOT VACATION alle vart A eller B lista på NRK P3!
Ho har og markert seg live med sin elegante sjangarmiks mellom R&B, Club & Pop, kor ho dei siste åra har opptrådt på fleire av landets mest anerkjente festivalar, i 2024 gjesta ho også Eurosonic i Nederland og G! Fest på Færøyane
Me gler oss enormt til Nelly Moar sin miks av rå songstemme, følelsar og glød skal sette stemninga på Stangeland Gard i sommar!
1991
Me er superglade for å få med oss bandet 1991 frå Bergen til Palepop 2026! 🤘
Med rå energi, fengjande riff og ein vokal som sit som spikra, leverer 1991 eit live-show som garantert gjer deg bakoversveis eller får hovudet automatisk til å “headbange”!
1991 spelar “vestkystrock” med inspirasjon frå 90-talslegendar som Smashing Pumpkins, Nirvana og Oasis — og beveger seg elegant mellom poprock, alt-rock og grunge.
Etter å ha tent opp scener på Hulen, Madam Felle og Victoria Café & Pub i Bergen, er dei no klar for å setje Austevoll i fyr og flamme! 🔥
Med låtar som “Hodet over vann”, “Skandinavisk Misantropi” og “Månar” blir det garantert god kok på Stangeland Gard!
Dette blir fett, folkens! 1991 er ei bergensbølge du ikkje vil gå glipp av! 🌊🎶
HM Johnsen
Etter nesten eitt tiår med hundrevis av konsertar i Noreg, Europa og Afrika har den tidlegare “Blues Union Artist” vinnaren fleire gongar hausta gode omtalar frå både internasjonale musikkmagasin og NRK P3, P1 og NRK Vestland for sine nære låtar, sterke melodiar og levande konsertopplevingar.
Fredag 24. juli held HM Johnsen ei eksklusiv og intim framføring i «Løo» på Stangeland Gard! Med melodiar framført i ein sjangermiks av pop, blues, indie og soul, blir publikum invitert med inn i eit musikalsk univers prega av imponerande gitarspel og personlege uttrykk.
Orbo
Laurdag 25. juli vender Spellemannsprisvinnar Ole Reinert Berg-Olsen, betre kjent som ORBO tilbake til Stolmen - ein stad med sterk personleg tilknytning - for ein sjeldan, akustisk konsert i omgjevnadar som står han nært.
Med tre spellemannprisar, listeplasseringar i USA og samarbeid med artistar som Jace Everett, Delbert McClinton og Tom Petty & The Heartbreakers sin trommis Steve Ferrone så er dette utvilsomt ein konsert ein bør få med seg!
ORBO er kjent for si kraftfulle stemme og organiske banduttrykk, og albumet hans «Prairie Sun» vart omtala som «eit mesterverk» og fekk terningkast 6 i BT.
I «Løo» på Stangeland Gard vil han presentere låtane sine akustisk, nedstrippa i ei meir direkte og personleg form, kor både kjente favorittar og nytt materiale får fullt spelerom.
Lemi
Endeleg artistslepp igjen! Det siste stjerneskotet frå Bergen kjem til Palepop, fredag 24. juli!
Lemi blir allereie rekna som eitt av dei mest spanande namna i Bergens musikkmiljø! Før ho hadde gjeve ut ei einaste låt, stod «bailerar» i kø – alle ville ha ein bit av Lemi
Debutsingelen hennar «Daggers» har fått strålande tilbakemeldingar, der mellom anna BT trilla terningkast 6! Etter ein gnistrande opptreden på Vill Vill Vest i fjor, vart dommen solide 5 auge på terningen for konserten.
Leah Michelle Nygård-Hørberg er ein popkomet med sylskarp vokal, brutalt ærlege tekstar og ein leiken sjangerblanding – frå «latino-vibes» og elektroniske beats til hyperfengande indiepop
Lemi leverer pop med nerve – og i sommar kjem ho til Stangeland Gard! Palepopparar, gjer dykk klare for ein intenst, ekte og fengande konsert!
Elida Waage
Me er så heldig å kunne presentere vår alles kjære Elida Waage til Palepop.
Elida frå Austevoll rørte heile Noreg med si nydelege stemme og fantastiske formidlingsevne under årets The Voice på Tv2, og klarte med dette å komme seg helt til live-delen i Noregs beste songkonkurranse.
Me gler oss til å sjå Elida glitre på scena på Stangeland Gard, neste sommar.
Andrea Vaage
Me er superglad for å kunne presentere det lokale stjerneskotet Andrea Vaage til Palepop 2026!
Med ei særeigen og nydeleg «countryrøyst» er det duka for fantastisk stemning, og flotte augeblikk, når Andrea entrer scena, berre 250 meter frå der ho er oppvaksen!
Andrea tek med seg ei variert setliste med allsongvenlege coverlåtar og har ein eigen singel ute på Spotify kalla Neighbour Stars
Gled deg til at Andrea skapar magiske augeblikk på scena på Stangeland Gard i sommar
The Remotes
Klar for den hardtslåande festmaskina The Remotes! Dei er hvertfall klar for å rocka Palepop 2026
The Remotes omtala seg som eit rockeband med saltvatn i blodet og fullt trøkk på scena!
Med solide riff, fengjande refreng og glimt i auga leverer dei ekte «Austevollspower». Låtane «Remote control», «13 Hookers» og ikkje minst «Jul i Austevoll» er kjende slagarar frå den lokale festmaskina!
Når Stevie Nipples, AC, Andy, Åge og Arnold Remote går på scena, er det null sjanse for å sitje stille! Dei leverer energi, humor og råskap i ein pakke som garantert får deg til å hyla på meir
Klar for å ausa på? Då er det The Remotes du vil ha!
desVerre
Høyrd om bandet desVerre? Antageligvis ikkje! Men etter ei intens økt med indie-rock på kav Hardanger-dialekt på Møkster er du nok hekta!
Det relativt ferske bandet, som vart stifta av ein gjeng Noroff-klassekompisar i 2023, blandar energisk rock med rolige indie-låter, der band som Blink 182, The Cure, John Olav Nilsen & Gjengen og The Hives er dei store inspirasjonskjeldene.
desVerre har allereie fått oppmerksomheit med både Urørt-anbefaling av låta “Vanskelig” og finaleplass i VG-Lista Feat You med den fengande songen “Eg Smile”!
Scener som Rockefeller og Chateau Neuf i Oslo og Storsalen i Trondheim er allereie erobra – fredag 24. juli står Austevoll og Møkster for tur til å få ein dose «norsk indie-rock med glimt i auga»!
Klem & Knuff
Møkster får besøk av dei sletne, men elleville piratane Klem og Knuff
Piratar er røffe og rå, som slår deg gul og blå! Det meiner i hvert fall den halvgalne kanonmannen Knuff! Kaptein Klem derimot meiner det er viktigare å synge, danse og trene opp minipiratar.
Bli med på eit rampete, musikalsk og utruleg morosamt piratshow! Her får du sverdkamp, spisekonkurranse, sjørøverskule, dårlege ordspel og ein planke til bry
Dette er eit show med lattergaranti og passar perfekt for barn frå 4 år og oppover – og for vaksne som tørr å le høgt av klønete piratar. Ler ingen? Då går dei frivillig planken og kjølhaler seg sølv!
Goggen
Me er særs nøgd med å huka festival- og publikumsfavoritten Goggen til oss!
Han starta bandet Siddis som 14-åring og blei ein hit med duoen Pompel & Pilt.
Dei siste åra har han laga liv på alle slags arrangement i kvar ein krok langs norske kysten – med allsong og cover av gode gamle slagere!
Det unike med Goggen er at han syng og opptrer trådlaust blant publikum, med gitaren på skuldra og glimt i auga så blander han humor og gode gamle «bangers» på ein sjarmerande måte!
Han har gjesta Austevoll ved fleire anledningar før og me ser fram til å få ein trubadur av hans kaliber til å sette stemninga i sjøkanten på Møkster om ettermiddagen før ferda går vidate til Stangeland Gard!
Ole Andreas
Palepop byr på meir enn berre musikk, og laurdagen under festivalen skal lattermusklane verkeleg få kjørt seg! Ole Andreas Drønen tek turen til Møkster for å levere stand-up i sin pureste form til festivaldeltakerane.
Komikaren frå Austevoll har i over ti år fått folk til å le høgt av eigenskrivne vitsar og skrå blikk på kvardagen, og showet på Møkster blir neppe noko unntak.
På scena deler han historier om Tinder-opplevingar i Japan 🇯🇵, livet etter at han fekk seg skjegg og ikkje minst om det høgteknologiske toalettet heime.
Dette blir ei av få moglegheiter til å oppleve Ole Andreas i si reinaste stand-up-form i eit travelt 2026 for mannen som til vanleg lever av å vere lakseredaktør.
Følg oss: