Frivillig
Palepop treng mange frivillige for å bli best mogleg. Me håpar du vil vere med.
Kva du får
Er du frivillig éin dag, får du dagspass til den andre dagen. Du blir òg med på frivilligfesten, får t-skjorte og gratis plass på festivalcampen. Du må vere fødd i 2012 eller tidlegare.



Bar
Du sel drikke, tek imot bestillingar og betaling, og møter heile publikummet.
Vakthald
Du passar på at alle får ei god oppleving, og at ingen kjem inn der dei ikkje skal. Nokre vakter står i inngangen og er det første publikum møter.
Trivselsvakt
Du er synleg og tilgjengeleg på området, svarar på spørsmål og hjelper til med å halde orden.
Merch
Du sel festivalmerch og merch frå artistane.
Scenearbeid
Du er med på opprigg før festivalen, hjelper til på scena under konsertane og riggar om mellom artistane.
Backstage
Du jobbar tett på artistane og sørgjer for at dei har mat, drikke og ein stad å slappe av.
Arenarigg
Du byggjer festivalområdet: barar, fasadar, barrikadar og gjerde.
Transport og logistikk
Du køyrer artistar, crew, utstyr og catering. Passar for deg som er punktleg og likar å køyre bil.