Foto: Algridas Motiejũnas
Kva serveringstilbod er det på Festivalen?
God mat og drikke under festivalen er like viktig som å ha ei scene på plass, meiner me! Difor er me særs nøgde med at fleire aktørar vil vere med på å gjera festivalopplevinga optimal.
Servering på Stangeland Gard under kveldsarrangementa
Hansa Borg Bryggerier er vår hovudleverandør for drikkevarer og treng vel ikkje ein lengre presentasjon utanom at varene er av ypperste kvalitet, og at dei har eit breitt utval. Målet vårt som festival er å sette opp ein drikkemeny kor samtlege av gjestane våre finn noko godt å leske strupa med!
Hypen Pota Madre - som til stadigheit held på å teppebombe tettstadar på Vestlandet med nye “potetvogner”, blir med på festen på Stangeland Gard heile helga. Dei vil servere dykk digge ovnsbakte poteter med velsmakande tilbehøyr. På den korte tida dei har heldt på, har dei faktisk ekspandert heilt til USA! Ikkje rart med tanke på kor gode potetene “Norwegian Cowboy”, “Anleggs-arbeidar”, “Mexican Cowgirl” og “Pota Madre” smakar.
Me er også særs nøgde med at Bien restaurant hadde lyst å koma til Austevoll med matvogna si “Bikuben” under festivalhelga! Frå den kjem dei til å servere saftige burgers til alle Palepopparar!
Er du verken fan av digge poteter eller burgers? Fortvil ikkje! Taste of Greece kjem også til Stolmen med vogna si og serverer sine herlege greske gyros!
Siste matvogna som skal passe på at ingen går svoltne rundt på festivalområdet er Livsstilsenteret. Dei kjem med si splitter nye matvogn og kjem blant anna til å servere oss herleg pizza.
Servering på Stangeland Gard på dagtid
For dei som campar ved festivalområdet, kjem Stangeland Gard til å selje diverse påsmurte blingsar og bakarvarer frå gardskafeen sin på dagtid om laurdagen. I tillegg ligg Joker Stolmen i nærleiken av festivalområdet. Her finn de det de måtte trenge av kolonialvarer.
Servering på Møkster
På Møkster står allsidige og dyktige Møkster restaurant klar for å servere både mat og drikke gjennom heile dagsprogrammet! Følg med på facebooksida deira for meny og booking av bord.
Følg oss: