Foto: Algridas Motiejũnas
Bur du på festivalcampen ved Stangeland gård, kjem du tettast på festen. Her tilbyr me teltplassar i umiddelbar nærleik til festivalområdet. Festivalcampen vert enkelt utrusta med tilgong til toalett, urinal, vatn, straum og felles grillplass. Det er også mogleg å bruke dusjfasilitetar på Stolmen skule og Stangeland Gard.
Ein må ha festivalcampbillett + enten dagspass for den aktuelle dagen eller festivalpass for å ha tilgong til festivalcampen.
Det koster 600 kr per person for å bu på festivalcampen, uavhengig om du overnatter ei eller to netter.
Det blir ikkje mogleg å ha bubil/campingvogn på festivalcampen, kun telt.
Alternativ til bubil og campingvogner blir Bubilparkeringa i Bekkjarvik Gjestehamn. Herfrå går det shuttlebuss til og frå festivalområdet på Stangeland Gard.
18-årsgrense
Open flamme ved telt er ikkje tillatt, bruk grillplassen.
Store stereoanlegg og unormalt mykje støy er ikkje tillatt.
Ingen parkering på festivalcamp-området, følg skilting for parkering av bil.
Følg oss: