Skjekk ut spelelista for Palepop 2026!
Her finn du alle artistane som skal spele på Palepop 2026. Her finn du alt frå lokale talent til nasjonale stjernar.
Fleire artistar kjem!
Følg med på nettside og sosiale medier!
Har du lyst til å spele på Palepop 2026?
NICO & VINZ
I fjor markerte Nico & Vinz ti år sidan det internasjonale gjennombrotet med den uforgløymelege hiten «Am I Wrong» – ei låt som fortsatt røyrer og begeistrar publikum over heile verda!
Frå hitlistene til hjarta til millionar av lyttarar har duoen etablert seg som ein av Noregs mest suksessrike musikkeksportørar, med låtar som «In Your Arms» og «That's How You Know» på merittlista.
Kjende for sin løftande lyd, sterke vokalar og ettertenksame tekstar, har Nico & Vinz oppnådd global anerkjenning, hundrevis av millioner av streams og opptredenar på nokre av verdas største TV-show – mellom anna The Tonight Show, Ellen og Letterman. Dei har samarbeidd med internasjonale stjerner som Bebe Rexha, Taylor Swift og Nicky Romero, og spelt på store scener verda over.
I 2026 vender Nico & Vinz tilbake til festivalscena med band og eit fornya live-show som samlar høgdepunkt frå heile karriera – frå globale hits til publikumsfavorittar og ferske låtar frå studioet.
Forvent varme, rytme og energi i verdsklasse i solnedgangen på Stangeland Gard – levert av artistar som for lengst har skreve seg inn i moderne norsk musikkhistorie!
1991
Me er superglade for å få med oss bandet 1991 frå Bergen til Palepop 2026! 🤘
Med rå energi, fengjande riff og ein vokal som sit som spikra, leverer 1991 eit live-show som garantert gjer deg bakoversveis eller får hovudet automatisk til å “headbange”!
1991 spelar “vestkystrock” med inspirasjon frå 90-talslegendar som Smashing Pumpkins, Nirvana og Oasis — og beveger seg elegant mellom poprock, alt-rock og grunge.
Etter å ha tent opp scener på Hulen, Madam Felle og Victoria Café & Pub i Bergen, er dei no klar for å setje Austevoll i fyr og flamme! 🔥
Med låtar som “Hodet over vann”, “Skandinavisk Misantropi” og “Månar” blir det garantert god kok på Stangeland Gard!
Dette blir fett, folkens! 1991 er ei bergensbølge du ikkje vil gå glipp av! 🌊🎶
SEAGULLS
Fest bukseselane og gjer slipset ditt sjøklart, for Seagulls er klar til å få Palepop til å koka. Gjengen frå Austevoll solgte ut Kvarteret i Bergen i vår, og fekk telte på Øyafest til å rista i sommar! Måsane kom nyleg ut med sin fyrste singel «Mrs Ginger», og meir kjem. Med eit energisk sceneshow, kanon gode covers og fengande egne låtar, er alt lagt til rette for tidenes fest med Seagulls, på Stolmen.
Elida Waage
Me er så heldig å kunne presentere vår alles kjære Elida Waage til Palepop. Elida frå Austevoll rørte heile Noreg med si nydelege stemme og fantastiske formidlingsevne under årets The Voice på Tv2, og klarte med dette å komme seg helt til live-delen i Noregs beste songkonkurranse. Me gler oss til å sjå Elida glitre på scena på Stangeland Gard, neste sommar.
Skaar
SKAAR er ei ekte naturkraft, rett frå det ville, vakre vestlandet med sine djupblå fjordar og snødekte fjell.
Med ei stemme som bærer langt utover barndommens kystlandskap, ein energi som får hav til å bølga og ein innlevelse som skjærer i hjarterota.
Kombinert med eit sterkt tekstunivers og dansebare rytmar er det umogleg å vere nøytral når SKAARs delikate tonar strøymer gjennom kropp og sjel.
Ein Spellemannspris for årets låtskrivar vitnar om en artist med slagkraft i form og bodskap, ei som tar den plassen hun fortener og som har planer om å behalde den.
No legger SKAAR smerten frå «Mad Woman»-eraen bak seg og går framover inn i eit indre fantasiunivers kor man skal utforske kven man er og samtidig reise mot sine egne musikalske røter.
Dark scandi-versjonen av SKAAR er på vei ut og det blir rom for en meir autentisk versjon av artisten sjølv. En SKAAR som ikkje lenger prøver å være som dei andre, men som står støtt i å være den nerdete, goofy og gøyale dama. En coming of age-story med glimt i auget om du vil, representert gjennom et varmare og meir organisk lydbilde enn tidlegare. SKAAR sin rå stemmekraft og formidlingsevne er derimot som før, heldigvis!
Me gler oss til SKAAR skal lage fantastisk og nydeleg stemning på Stangeland Gard, til sommaren.
The Remotes
Klar for den hardtslåande festmaskina The Remotes? Dei er hvertfall klar for å rocka Palepop 2026
The Remotes omtala seg som eit rockeband med saltvatn i blodet og fullt trøkk på scena!
Med solide riff, fengjande refreng og glimt i auga leverer dei ekte «Austevollspower». Låtane «Remote control», «13 Hookers» og ikkje minst «Jul i Austevoll» er kjende slagarar frå den lokale festmaskina!
Når Stevie Nipples, AC, Andy, Åge og Arnold Remote går på scena, er det null sjanse for å sitje stille! Dei leverer energi, humor og råskap i ein pakke som garantert får deg til å hyla på meir
Klar for å ausa på? Då er det The Remotes du vil ha!
Fangst
Palepop er i ekstase over å sleppa Fangst ut på scena på Stangeland Gard i juli!
Medlemmer frå Honningbarna, Death By Unga Bunga og Hvitmalt Gjerde har slått seg saman og skapt ein eksplosiv miks av melankolsk og energisk norsk rock
I løpet av den korte tida bandet har eksistert har supergruppa spelt inn albumet «Føniksinstituttet» og den ferske oppfølgjaren «Fangst Sinatra» og fått glitrande omtalar, dei har åpna Amfiscenen på Øyafestivalen og varma opp for Kiss!
Med låtar som «Himmelen i kveld», «Knivsegg» og «Hundre netter» er det lett å forstå kvifor Fangst blir av fleire omtala som «Noregs beste liveband akkurat no»
Dette blir intenst, ekte og heilt umogleg å stå stille til Fangst kjem til å setja fyr på sommarkvelden i Austevoll – vi sjåast framme ved scena!
Fordrekord
Gjer klar danseskoa, Fordrekord kjem til Palepop 2026!
Denne energiske sekstetten frå Haugalandet har bygd seg eit solid rykte på Vestlandet med fengande låtar og full av sjarm på scena! Dei har blant anna spelt på Sildajazzen, Vaulen-festivalen, Kjøttbasaren i Bergen, Rådhusplassen i Haugesund, og på klubbar som Ladekaia i Trondheim
Bandet har blitt samanlikna med det svenske kultbandet Bob Hund og med låtar som «Hestar», «Faen, eg savne deg nå», «Fjern» og den ferske singelen «Astronauten» leverer dei 80-talsinspirert pop med fengande refreng, humoristiske tekstar og ein unik sjarm som definitivt smittar!
NRK kallar dei «frisk popenergi», Stavanger Aftenblad seier «sol, fest, lange lyse kveldar og bekymringslause horisontar» - og publikum berre dansar vidare!
Når FordRekord entrer Palepop-scena, kan du vente deg ein uforgløymeleg kveld - og kanskje eit nytt favorittband?
Jonas Lovv
Gled dykk, folkens! Ein av årets sterkaste nykommarar på dei norske festivalscenane kjem til Palepop 2026!
Frå å trollbinde dommarar og publikum i The Voice, til å lyse opp festivalar over heile Vestlandet og fylle Grieghallen med KORK på slep i sommar har JONAS LOVV verkeleg skutt i været som artist i 2025!
Med ei unik stemme og ein sjarm som smittar, leverar han energiske liveshow som får dei mest urytmiske av oss til å vrikka på dansefoten!
I 2026 vil Jonas fortsette der han slapp i år, og me føler oss heldige som får sjå han på scena på Stangeland Gard kommande sommar!
Andrea Vaage
Me er superglad for å kunne presentere det lokale stjerneskotet Andrea Vaage til Palepop 2026!
Med ei særeigen og nydeleg «countryrøyst» er det duka for fantastisk stemning, og flotte augeblikk, når Andrea entrer scena, berre 250 meter frå der ho er oppvaksen!
Andrea tek med seg ei variert setliste med allsongvenlege coverlåtar og har ein eigen singel ute på Spotify kalla Neighbour Stars
Gled deg til at Andrea skapar magiske augeblikk på scena på Stangeland Gard i sommar
YLVA
Me er utruleg nøgd med å kunne presentere Ylva som artist på Palepop 2026
2025 har verkeleg vært Ylva sitt år, fleire låtslipp som har blitt fan-favorittar, Spellemann månedens låt, ukas låt på P3, opptreden på P3 Live, og ikkje minst må me nevne låta “Maskulin” som er nominert til “Årets låt på P3 Gull” og som gjennom seinsommaren klatra til førsteplass på “Topp 50 i Norge” og har allereie over sju millionar Spotify-streams – her snakkar me ekte hit!🔥
Ylva slo gjennom allereie som 15-åring i TV2-programmet The Stream, og sidan den gong har ho ikkje sett seg tilbake. Ho har gitt ut fleire singlar og EP-ar, som «Cut the shit», «Ligge» og nyast av alt «HÆ?», i tillegg til populære duettar med Stig Brenner.
Ho er også nominert til «Årets artist på P3 Gull», noko som bekrefter at både publikum og kritikarar verkeleg har fått auge på henne.
Når Ylva entrar hovudscena på Stangeland Gard blir det garantert rå stemning, maksimalt med energi og fengjande låtar som vil gå på repeat i hovudet lenge etter at konserten er avslutta!
Følg oss: