FAQ

Når og kvar er festivalen?

Festivalen går over to dagar: fredag 24. juli og laurdag 25. juli 2026. Hovudarena er Stangeland Gard på Stolmen og Møkster vert nytta til dagsprogram med eigne satellittscener. I hovudsak så er det familievennlege aktivitetar og konsertar på dagtid på Møkster og festivalområde og konsertar på kvelden på Stangeland Gard.

Korleis kjøper ein billettar?

Billettar vert solgt via palepop.no, her får ein både dagspass for begge dagane, festivalpass, samt billettar for satellitt arrangement på Møkster.

Er det mogleg å få festivalband på forhånd?

Ja! Det blir Palepop-stand på Storebø og i Bekkjarvik i forkant av festivalen. Her kan ein bytte billett inn mot festivalband. I tillegg vil me selge billettar og festivalmerch, samt generell informasjon om festivalen på stand.

Kva arrangement får ein delta på med Dagspass og Festivalpass?

Med dagspass får ein tilgong til heile festivalområdet på Stangeland Gard for den aktuelle dagen, med festivalpass får ein tilgong begge dagane.

Må ein ha eigen billett for dagsprogrammet på Møkster?

Ja. På grunn av begrensingar på antal gjester på Møkster så må ein kjøpe eigen billett for dette. Kjøpes via palepop.no, born under 16 år er gratis.

Særs begrensa antall satellittbillettar, så ver tidleg ute hvis ein vil få med seg det som skjer på Møkster!

Kva er aldersgrensa på Palepop 2026?

Dagsprogrammet har ingen aldersgrense og er gratis for born under 16 år. Kveldsarrangementet har 18-års aldersgrense, kor mindreårige kan delta hvis ein har med verge. .

Kven kan vere verge og kva er reglane for verge og mindreårige?

Personar under 18 år skal gå i følgje med ein person over 28 år på alle kveldskonsertar.

 

Som verge bekreftar du å ha ansvaret for at hen/dei du er verge for ikkje nyt alkoholhaldig drikke i forbindelse med konsertane og du er ansvarleg for sikkerheita til hen/dei under konsertane. 

 

Me ber foreldre om å ta ansvar og omsyn til konsertanes art og tidspunkt. Enkelte konsertar kan spele på uttrykk som opplevast skremmande for born. 

Vergeordninga i korte trekk:

 

  • Verge må være over 28 år.

  • Vergen skal ikkje vere synleg berusa

  • Verge må vere på festivalområdet så lenge den mindreårige er tilstade. 

  • Vergeskjema må fylles ut på førehand, sjå www.palepop.no 

  • Verge og mindreårig får eige Festivalband for vergeløysing

  • Legitimisasjon vil bli sjekka ved inngong

  • Verge kan ha ansvar for maks 2 mindreårige

 

Når det gjeld vergeordninga så er me særs streng, ved brudd på desse reglane vil både verge og den mindreårige få klipt festivalband og blir bedt om å forlate fesitvalområdet. Både verge og mindreårig må ha kvar sin billett.

Kva gjer ein hvis ein treng ledsagar?

Ledsager slepp inn gratis når publikummar som har behov for ledsagar har ordinær festivalbillett og gyldig ledsagarbevis.

Grunnleggande reglar for nyting av alkohol på festivalområdet?

Det er legitimasjonsplikt ved alle servieringslokasjonane inne på festivalområda. Godkjent legitimasjon er bankkort med bilde, førarkort, najonalt ID kort eller pass. Dersom det blir oppdaga at legitimasjon vert brukt uriktig eller falskt vil politiet bli tilkalla og saken vil verta anmeldt.

 

Vaktleiar har mynde til å be om legitimasjon og eventuelt forvise gjestar som er overstadig berusa. Alle vaktar er instruert til å sjå etter overstadig berusa personar. Er du under 18 år og blir sett nyte alkohol vil du bli fratatt alkoholen, få klipt “festivalband” og bli bortvist frå festivalområdet.

 

Er du myndig og blir sett i å kjøpe alkohol til mindreårige vil du også få klipt “festivalband” og bli bortvist frå festivalområdet

Korleis kjem ein seg til Austevoll?

For å komma til Austevoll må ein bruka sjøvegen, både ferje og snøgbåt er mogleg. 

Kjem ein nordfrå (Bergen) kan ein ta:

 

  • Ferje frå Krokeide til Hufthamar i Austevoll, sjekk Fjord1 sin rutetabell for avganger. Desse ferjene legg til kai på Hufthamar, som er nord i kommunen. Det er ca 30 min køyring fra Hufthamar til festivalområdet på Stangeland Gard. 

 

  • Snøgbåten frå Strandkaiterminalen i Bergen og Flesland går også til Hufthamar, sjekk Skyss sin rutetabell for avganger.

 

  • Frå Hufthamar er det også mogleg å ta lokalbåten ut til Møkster, sjekk Skyss sin rutetabell for avganger.

 

Kjem ein sørifrå (Fitjar/Stord) kan ein ta:

 

  • Ferje frå Sandvikvåg på Fitjar til Husavik i Austevoll, sjekk Fjord1 sin rutetabell for avganger. Denne ferja legg til kai i Husavik, som er sør i kommunen. Det er ca 20 min køyring frå Husavik til festivalområdet på Stangeland Gard.

 

  • Snøgbåt frå Leirvik til enten Bekkjarvik eller Hufthamar, sjekk Skyss sin rutetabell for avganger.

Korleis kjem ein seg til og frå festivalområda?

Det vil bli satt opp eigne shuttlebussar og shuttlebåtar under festivalen.

Shuttlebåt vil gå mellom Storebø, Møkster og Stolmen (Mølno).

Shuttlebussar vil gå mellom Storebø, Bekkjarvik og Stolmen (Stangeland Gard).

 

Det er særs begrensa med parkeringsplassar ved Stangeland Gard og me oppmodnar sterkt til at alle festivaldeltakarar bruker oppsett festivaltransport til og frå arrangementa.

Kor finn eg informasjon om festivalen sine shuttle båt- og bussruter?

All informasjon om båt- og bussruter finst på Palepop sine nettsider. Følg òg oppdateringar på Facebook og Instagram.

Kor kan ein overnatte i Austevoll?

Kor kan ein legge til med båt?

Festivalen har inga festivalhamn, fortøying av båtar i hamner på Stolmen er på eige ansvar. Hvis ein kjem med båt er det anbefalt å bruke gjestehamna på Møkster, i Bekkjarvik eller på Storebø. Derfrå kan ein bruke festivalen sine shuttle tilbod med buss og båt.

Er det festivalcamp?

Ja, det blir eigen festivalcamp på Stangeland Gard på Stolmen kor ein kan overnatte med telt. Sjå eige fane på nettsida for meir informasjon.

Eigne camptoalett, vatn, straum og grillplass på campen.

Kven kjem inn på festivalcampen og kva koster det å bu der?

Ein må ha festivalcampbillett + enten dagspass for den aktuelle dagen eller festivalpass for å ha tilgong til festivalcampen. For eksempel hvis ein skal bu fredag til laurdag så treng ein minimum festivalcamp billett + dagspass fredag eller festivalpass.

 

Det koster 600 kr per person for å bu på festivalcampen, uavhengig om du overnatter ei eller to netter. Festivalcamp billett får du kjøpt her.

Er det begrensa belegg på festivalcampen?

Ja, det er begrensa antal plassar. Eksakt tal er enno ikkje klart, men me anbefaler å booke plass tidleg.

Er det camping for bubilar og campingvogner?

Nei, det er ikkje mogleg å parkere bubilar og campingvogner på festivalcampen, men ein kan parkere på Bubilparkeringa i Bekkjarvik Gjestehamn. Herfrå går det shuttlebuss til og frå festivalområdet på Stangeland Gard.

Kva reglar gjeld for festivalcampen?

  • 18-årsgrense

  • Open flamme er ikkje tillatt, bruk grillplassen.

  • Store stereoanlegg og unormalt mykje støy er ikkje tillatt.

  • Ingen parkering på festivalcamp-området, følg skilting for parkering av bil.

Korleis melder ein seg på som frivillig?

Fyll ut frivilligskjemaet på palepop.no.

Kva oppgåver har ein som frivillig?

Me treng hjelp til blant anna, Barhald og servering, Vakthold, Trivselsvakt, Sal av merch, Scenearbeid, Backstage og Arenarigg.

Ytterligare info om dei forskjellige oppgåvene finn du her på nettsida vår.

Kva er aldersgrensa for å vere frivillig?

Aldersgrensa for å vere frivillig er 16 år, og ein får alle fordelane som frivillig.

Kva er fordelane med å vere frivillig?

Er ein frivillig ein dag, får ein dagspass for den andre dagen. Ein får også delta på eigen frivilligfest på Stangeland Gard søndagen etter festivalen, ein får frivillig T-skjorte og ein får gratis tilgang til festivalcampen gjennom heile festivalen.

Kva er lurt å ta med, og kva er forbode på festivalområda?

Ta med gyldig billett/festivalband, legitimasjon, solkrem og regnklede (får forhåpentligvis ikkje bruk for!). 

Det er forbod mot følgjande på festivalområdet på Stangeland Gard:

 

  • Medbrakt mat og drikke

  • Alle formar for flasker

  • Brannfarlege væsker og sprengstoff

  • Campingutstyr

  • Selfiestang eller lignande

  • Profesjonelt kamera og videoutstyr

  • Dyr

Kva mat og drikke kan ein kjøpe på festivalområdet?

Stangeland Gard:

Det vert fleire forskjellige tilbydarar av mat på Festivalområdet på Stangeland Gard, både lokale og regionale. Stangeland Gard og Palepop vil stå for sal av drikkevarar. Sjå eige fane på heimesida for mat og drikke for detaljert info.

Møkster:

Det vert også her forskjellige tilbydarar av mat, men Møkster restaurant vil stå for mykje av serveringa. Møkster Restaurant og Palepop vil stå for sal av drikkevarer. Sjå eige fane på heimesida for mat og drikke for detaljert info.

Vipps, kort og kontantar vert akseptert som betalingsmiddel begge stadar.

Vil det skje fotografering på festivalområdet?

Ja det vil bli tatt bilete og videoopptak av festivalens eigne fotografar på festivalområda. Foto og video kan bli brukt som marknadsføringsmateriell av Palepop Festival. Privat foto og videoopptak for kommersielt føremål skal avtalst med festivalleiinga på førehand.

Følg oss:

Kontakt Oss