Transport

Foto: Algridas Motiejũnas

Taxi

Austevoll Taxi har fleire bilar tilgjengelig under festivalhelga med kapasitet frå 4 til 16 seter, trykk på knappen under for kontaktinfo.

 

Korleis kjem ein seg til Austevoll og Palepop?

For å komma til Austevoll må ein bruka sjøvegen, både ferje og snøggbåt er mogleg.

 

Kjem ein nordfrå (Bergen) kan ein ta:

  • Ferje frå Krokeide til Hufthamar i Austevoll, sjekk Fjord1 sin rutetabell for avganger. Desse ferjene legg til kai på Hufthamar, som er nord i kommunen. Det er ca 30 min køyring fra Hufthamar til festivalområdet på Stangeland Gard.
  • Snøggbåten frå Strandkaiterminalen i Bergen og Flesland går også til Hufthamar, sjekk Skyss sin rutetabell for avganger.
  • Frå Hufthamar er det også mogleg å ta lokalbåten ut til Møkster, sjekk Skyss sin rutetabell for avganger.

 

Kjem ein sørifrå (Fitjar/Stord) kan ein ta:

  • Ferje frå Sandvikvåg på Fitjar til Husavik i Austevoll, sjekk Fjord1 sin rutetabell for avganger. Denne ferja legg til kai i Husavik, som er sør i kommunen. Det er ca 20 min køyring frå Husavik til festivalområdet på Stangeland Gard.
  • Snøggbåt frå Leirvik til enten Bekkjarvik eller Hufthamar, sjekk Skyss sin rutetabell for avganger.

Shuttlebuss

Shuttlebåt

Bussruter

Buss-Billett

Det er satt opp eigne shuttlebussar under festivalen.

Shuttlebussane vil gå mellom Storebø, Bekkjarvik og Stolmen (Stangeland Gard).

 

Det er særs begrensa med parkeringsplassar ved Stangeland Gard og me oppmodnar sterkt til at alle festivaldeltakarar bruker oppsett festivaltransport til og frå arrangementa.

 

Det er begrensa antal billettar, og me anbefalar sterkt å kjøpe shuttlebuss-billett i god tid før festivalen.

 

Trykk på knappane under for kjøp av bussbillett og busstrute.

Båtruter

Taxi info

Båt-Billett

Det er satt opp eigne shuttlebåtar mellom Bekkjarvik, Storebø, Møkster og Mølno på Stolmen.

 

Det er begrensa antal billettar, og me anbefalar sterkt å kjøpe shuttlebåt-billett i god tid før festivalen.

 

Trykk på knappane under for kjøp av båtbillett og båtrute.

 

Følg oss:

Kontakt Oss