Info
Finn du ikkje svaret? Skriv til post@palepop.no. Detaljar for 2027 kjem fortløpande.
Festivalen
Kva skjer, og kvar?
Fredag 9. og laurdag 10. juli 2027 på Stangeland Gard på Stolmen. Om dagen blir det dagprogram med konsertar og aktivitetar for yngre publikum og barnefamiliar, og om kvelden konsertar på hovudscena og B-scena. I tillegg kjem det satellittkonsertar. Kvar, kjem me tilbake til.
Korleis kjøper eg billett, og kva får eg?
Billettane blir selde via TicketCo. Dagspass gir tilgang til heile festivalområdet den dagen, festivalpass begge dagane. Familieprogrammet er inkludert, og born under 16 år går gratis. Vaksne som berre skal på dagprogrammet, kjøper eigen billett til det.
Er det mogleg å få festivalband på førehand?
Ja! Det blir Palepop-stand på Storebø og i Bekkjarvik før festivalen. Her kan du byte billetten mot festivalband, kjøpe billettar og festivalmerch og få informasjon om festivalen.
- Du kan berre byte til band til deg sjølv.
- Ta med legitimasjon som viser at du er over 18 år.
- Mindreårige må ha utfylt vergeskjema, og verge og mindreårig må kome saman for å hente band.
Alder og vergeordning
Kva er aldersgrensa på Palepop?
Dagprogrammet har inga aldersgrense og er gratis for born under 16 år. Kveldsarrangementa har 18-årsgrense, men mindreårige kan vere med saman med verge.
Kven kan vere verge, og kva er reglane?
Personar under 18 år skal vere i følgje med ein person over 28 år på alle kveldskonsertar. Som verge stadfestar du at den eller dei du er verge for, ikkje drikk alkohol i samband med konsertane, og at du har ansvaret for tryggleiken deira under konsertane.
Me ber foreldre ta omsyn til kva slags konsertar det er og kor seint dei går. Enkelte konsertar kan ha uttrykk som kan opplevast skremmande for born.
- Verge må vere over 28 år.
- Verge skal vere edru.
- Verge må vere på festivalområdet så lenge den mindreårige er der.
- Vergeskjema må fyllast ut på førehand: vergeskjema.
- Verge og mindreårig får festivalband med eigen vergefarge.
- Legitimasjon blir sjekka ved inngangen.
- Ein verge kan ha ansvar for maks to mindreårige.
Me er svært strenge på vergeordninga. Ved brot på reglane blir festivalbandet til både verge og den mindreårige klipt, og begge blir bedne om å forlate festivalområdet. Verge og mindreårig må ha kvar sin billett.
Kva gjer ein om ein treng ledsagar?
Ledsagar kjem inn gratis når den som treng ledsagar har vanleg festivalbillett og gyldig ledsagarbevis.
Kva reglar gjeld for alkohol på festivalområdet?
Det er legitimasjonsplikt på alle serveringsstadene inne på festivalområdet. Godkjend legitimasjon er bankkort med bilete, førarkort, nasjonalt ID-kort eller pass. Blir legitimasjon brukt urettmessig eller er falsk, blir politiet tilkalla og saka meld.
Vaktleiar kan be om legitimasjon og vise bort gjester som er openbert rusa. Alle vakter ser etter openbert rusa personar. Er du under 18 år og blir sett med alkohol, blir alkoholen teken frå deg, festivalbandet klipt og du blir vist bort frå festivalområdet.
Er du myndig og blir sett kjøpe alkohol til mindreårige, blir festivalbandet ditt òg klipt, og du blir vist bort frå festivalområdet.
Reise og overnatting
Korleis kjem ein seg til Austevoll?
Til Austevoll må du ta sjøvegen, anten med ferje eller snøggbåt.
Frå Bergen og nordover
- Ferje frå Krokeide til Hufthamar, nord i kommunen. Sjå rutetabellen til Fjord1. Frå Hufthamar er det om lag 30 minutt å køyre til Stangeland Gard.
- Snøggbåt frå Strandkaiterminalen i Bergen og frå Flesland. Sjå rutetabellen til Skyss.
Frå Fitjar, Stord og sørover
- Ferje frå Sandvikvåg på Fitjar til Husavik, sør i kommunen. Sjå rutetabellen til Fjord1. Frå Husavik er det om lag 20 minutt å køyre til Stangeland Gard.
- Snøggbåt frå Leirvik til Bekkjarvik eller Hufthamar. Sjå rutetabellen til Skyss.
Korleis kjem eg meg til og frå festivalområdet?
Palebussen går frå dei fleste tettstadene i kommunen til Stangeland Gard. Bussen til festivalen er gratis og inkludert i billetten. Kveld- og nattbussen heim krev eigen bussbillett. Det er svært få parkeringsplassar ved Stangeland Gard, så bruk bussen.
Rutene finn du under transport, og på Festy, Facebook og Instagram.
Kvar kan ein overnatte i Austevoll?
Det finst fleire overnattingstilbod i Austevoll:
Kvar kan ein leggje til med båt?
Festivalen har inga eiga festivalhamn, og fortøying i hamnene på Stolmen er på eige ansvar. Kjem du med båt, rår me deg til å bruke gjestehamna i Bekkjarvik eller på Storebø. Derifrå kan du ta festivalbussen.
Festivalcamp
Er det festivalcamp?
Ja. Det blir eigen festivalcamp ved Stolmen skule, der du kan overnatte i telt. Campen ligg i gangavstand til festivalområdet på Stangeland Gard, og har eigne toalett, vatn, straum og grillplass. Sjå òg overnatting.
Kva kostar campen, og kven kjem inn?
Campbillett kostar 600 kr per person, same om du overnattar éi eller to netter. I tillegg treng du dagspass for dagen du bur der, eller festivalpass. Det er avgrensa plass, så bestill tidleg.
Kan eg ta med bubil eller campingvogn?
Ikkje på festivalcampen. Bruk bubilparkeringa i Bekkjarvik gjestehamn, og ta shuttlebussen derifrå.
Kva reglar gjeld på campen?
- 18-årsgrense.
- Open eld er ikkje lov. Bruk grillplassen.
- Store stereoanlegg og unormalt mykje støy er ikkje lov.
- Inga parkering på campområdet. Følg skilta for parkering.
Frivillig
Korleis blir eg frivillig, og kva får eg?
Du må vere fødd i 2012 eller tidlegare. Er du frivillig éin dag, får du dagspass til den andre dagen, frivillig-t-skjorte, frivilligfest og gratis plass på campen. Er du under 18, må du ordne vergeavtale for dagen du er på festivalen.
Sjå oppgåvene og meld interesse på frivillig-sida.
På festivalområdet
Kva bør ein ta med, og kva er forbode?
Ta med gyldig billett eller festivalband, legitimasjon, solkrem og regnklede (som du forhåpentleg ikkje treng!).
Dette er forbode på festivalområdet på Stangeland Gard:
- Medbrakt mat og drikke
- Alle former for flasker
- Brannfarlege væsker og sprengstoff
- Campingutstyr
- Selfiestong eller liknande
- Profesjonelt kamera- og videoutstyr
- Dyr
Kva mat og drikke kan ein kjøpe?
På Stangeland Gard blir det fleire lokale og regionale matseljarar. Stangeland Gard og Palepop står for salet av drikke.
Du kan betale med Vipps, kort og kontantar.
Blir det fotografert på festivalområdet?
Ja. Festivalen sine fotografar tek bilete og film på festivalområdet, og dette kan bli brukt i marknadsføringa til Palepop. Privat foto og film til kommersiell bruk må avtalast med festivalleiinga på førehand.