I fjor markerte Nico & Vinz ti år sidan det internasjonale gjennombrotet med den uforgløymelege hiten «Am I Wrong» – ei låt som fortsatt røyrer og begeistrar publikum over heile verda!
Frå hitlistene til hjarta til millionar av lyttarar har duoen etablert seg som ein av Noregs mest suksessrike musikkeksportørar, med låtar som «In Your Arms» og «That's How You Know» på merittlista.
Kjende for sin løftande lyd, sterke vokalar og ettertenksame tekstar, har Nico & Vinz oppnådd global anerkjenning, hundrevis av millioner av streams og opptredenar på nokre av verdas største TV-show – mellom anna The Tonight Show, Ellen og Letterman. Dei har samarbeidd med internasjonale stjerner som Bebe Rexha, Taylor Swift og Nicky Romero, og spelt på store scener verda over.
I 2026 vender Nico & Vinz tilbake til festivalscena med band og eit fornya live-show som samlar høgdepunkt frå heile karriera – frå globale hits til publikumsfavorittar og ferske låtar frå studioet.
Forvent varme, rytme og energi i verdsklasse i solnedgangen på Stangeland Gard – levert av artistar som for lengst har skreve seg inn i moderne norsk musikkhistorie!
Følg oss: