Spørsmål og svar

FAQ

Det meste du lurer på før festivalen. Finn du ikkje svaret, skriv til post@palepop.no.

Detaljar for 2027 kjem fortløpande.

Festivalen

Når og kvar er festivalen?

Festivalen går over to dagar: fredag 9. og laurdag 10. juli 2027. Festivalområdet er på Stangeland Gard på Stolmen. I tillegg blir det satellittkonsertar. Kvar, kjem vi tilbake til.

Det blir òg dagprogram på Stangeland Gard, med konsertar og aktivitetar for yngre publikum og barnefamiliar. Tidspunkt og program kjem.

Korleis kjøper ein billettar?

Billettane blir selde via TicketCo. Kjøp billett her.

Er det mogleg å få festivalband på førehand?

Ja! Det blir Palepop-stand på Storebø og i Bekkjarvik før festivalen. Her kan du byte billetten mot festivalband, kjøpe billettar og festivalmerch og få informasjon om festivalen.

  • Du kan berre byte til band til deg sjølv.
  • Ta med legitimasjon som viser at du er over 18 år.
  • Mindreårige må ha utfylt vergeskjema, og verge og mindreårig må kome saman for å hente band.
Kva får ein med dagpass og festivalpass?

Med dagpass får du tilgang til heile festivalområdet på Stangeland Gard den aktuelle dagen. Med festivalpass får du tilgang begge dagane.

Må ein ha eigen billett til familieprogrammet?

Har du festivalpass eller dagpass, er familieprogrammet inkludert, og alle born under 16 år går gratis. Vaksne som berre skal på dagprogrammet, må kjøpe eigen billett til det.

Alder og vergeordning

Kva er aldersgrensa på Palepop?

Dagprogrammet har inga aldersgrense og er gratis for born under 16 år. Kveldsarrangementa har 18-årsgrense, men mindreårige kan vere med saman med verge.

Kven kan vere verge, og kva er reglane?

Personar under 18 år skal vere i følgje med ein person over 28 år på alle kveldskonsertar. Som verge stadfestar du at den eller dei du er verge for, ikkje drikk alkohol i samband med konsertane, og at du har ansvaret for tryggleiken deira under konsertane.

Me ber foreldre ta omsyn til kva slags konsertar det er og kor seint dei går. Enkelte konsertar kan ha uttrykk som kan opplevast skremmande for born.

  • Verge må vere over 28 år.
  • Verge skal vere edru.
  • Verge må vere på festivalområdet så lenge den mindreårige er der.
  • Vergeskjema må fyllast ut på førehand: vergeskjema.
  • Verge og mindreårig får festivalband med eigen vergefarge.
  • Legitimasjon blir sjekka ved inngangen.
  • Ein verge kan ha ansvar for maks to mindreårige.

Me er svært strenge på vergeordninga. Ved brot på reglane blir festivalbandet til både verge og den mindreårige klipt, og begge blir bedne om å forlate festivalområdet. Verge og mindreårig må ha kvar sin billett.

Kva gjer ein om ein treng ledsagar?

Ledsagar kjem inn gratis når den som treng ledsagar har vanleg festivalbillett og gyldig ledsagarbevis.

Kva reglar gjeld for alkohol på festivalområdet?

Det er legitimasjonsplikt på alle serveringsstadene inne på festivalområdet. Godkjend legitimasjon er bankkort med bilete, førarkort, nasjonalt ID-kort eller pass. Blir legitimasjon brukt urettmessig eller er falsk, blir politiet tilkalla og saka meld.

Vaktleiar kan be om legitimasjon og vise bort gjester som er openbert rusa. Alle vakter ser etter openbert rusa personar. Er du under 18 år og blir sett med alkohol, blir alkoholen teken frå deg, festivalbandet klipt og du blir vist bort frå festivalområdet.

Er du myndig og blir sett kjøpe alkohol til mindreårige, blir festivalbandet ditt òg klipt, og du blir vist bort frå festivalområdet.

Reise og overnatting

Korleis kjem ein seg til Austevoll?

Til Austevoll må du ta sjøvegen, anten med ferje eller snøggbåt.

Frå Bergen og nordover

  • Ferje frå Krokeide til Hufthamar, nord i kommunen. Sjå rutetabellen til Fjord1. Frå Hufthamar er det om lag 30 minutt å køyre til Stangeland Gard.
  • Snøggbåt frå Strandkaiterminalen i Bergen og frå Flesland. Sjå rutetabellen til Skyss.

Frå Fitjar, Stord og sørover

  • Ferje frå Sandvikvåg på Fitjar til Husavik, sør i kommunen. Sjå rutetabellen til Fjord1. Frå Husavik er det om lag 20 minutt å køyre til Stangeland Gard.
  • Snøggbåt frå Leirvik til Bekkjarvik eller Hufthamar. Sjå rutetabellen til Skyss.
Korleis kjem ein seg til og frå festivalområdet?

Det blir sett opp eigne shuttlebussar frå dei fleste tettstadene i kommunen til Stangeland Gard.

Det er svært få parkeringsplassar ved Stangeland Gard, så me oppmodar sterkt alle til å bruke festivaltransporten til og frå arrangementa.

Kvar finn eg rutene for Palebussen?

Rutetabellen for Palebussen finn du på bussrutene her på nettsida. Følg òg med på Festy, Facebook og Instagram.

Kva kostar det å ta Palebussen?

Shuttlebussen til festivalområdet er inkludert i festivalbilletten. Kveld- og nattbussen frå festivalområdet krev eigen bussbillett.

Kvar kan ein overnatte i Austevoll?
Kvar kan ein leggje til med båt?

Festivalen har inga eiga festivalhamn, og fortøying i hamnene på Stolmen er på eige ansvar. Kjem du med båt, rår me deg til å bruke gjestehamna i Bekkjarvik eller på Storebø. Derifrå kan du ta festivalbussen.

Festivalcamp

Er det festivalcamp?

Ja. Det blir eigen festivalcamp ved Stolmen skule, der du kan overnatte i telt. Campen ligg i gangavstand til festivalområdet på Stangeland Gard, og har eigne toalett, vatn, straum og grillplass. Sjå òg overnatting.

Kven kjem inn på campen, og kva kostar det?

Du må ha campbillett og anten dagpass for den aktuelle dagen eller festivalpass. Skal du bu frå fredag til laurdag, treng du minst campbillett og dagpass fredag, eller festivalpass.

Det kostar 600 kr per person å bu på festivalcampen, same om du overnattar ei eller to netter. Kjøp campbillett her.

Er det avgrensa plass på campen?

Ja, det er eit avgrensa tal plassar. Nøyaktig tal er ikkje klart enno, men me rår deg til å bestille tidleg.

Er det plass til bubilar og campingvogner?

Nei, det er ikkje mogleg å parkere bubilar og campingvogner på festivalcampen. Du kan parkere på bubilparkeringa i Bekkjarvik gjestehamn. Derifrå går det shuttlebuss til og frå festivalområdet på Stangeland Gard.

Kva reglar gjeld på campen?
  • 18-årsgrense.
  • Open eld er ikkje lov. Bruk grillplassen.
  • Store stereoanlegg og unormalt mykje støy er ikkje lov.
  • Inga parkering på campområdet. Følg skilta for parkering.

Frivillig

Korleis melder ein seg på som frivillig?

Sjå frivillig for påmelding.

Kva oppgåver har ein som frivillig?

Me treng mellom anna hjelp til bar og servering, vakthald, trivselsvakt, sal av merch, scenearbeid, backstage og arenarigg. Les meir om oppgåvene på frivillig-sida.

Kva er aldersgrensa for å vere frivillig?

Du må vere fødd i 2012 eller tidlegare for å vere frivillig. Alle frivillige får dei same fordelane.

Kva får ein som frivillig?

Er du frivillig éin dag, får du dagpass til den andre dagen. Du blir òg med på eigen frivilligfest, får frivillig-t-skjorte og gratis tilgang til festivalcampen heile festivalen.

Er du frivillig og under 18 år, må du ordne vergeavtale for den dagen du er på festivalen.

På festivalområdet

Kva bør ein ta med, og kva er forbode?

Ta med gyldig billett eller festivalband, legitimasjon, solkrem og regnklede (som du forhåpentleg ikkje treng!).

Dette er forbode på festivalområdet på Stangeland Gard:

  • Medbrakt mat og drikke
  • Alle former for flasker
  • Brannfarlege væsker og sprengstoff
  • Campingutstyr
  • Selfiestong eller liknande
  • Profesjonelt kamera- og videoutstyr
  • Dyr
Kva mat og drikke kan ein kjøpe?

På Stangeland Gard blir det fleire lokale og regionale matseljarar. Stangeland Gard og Palepop står for salet av drikke.

Du kan betale med Vipps, kort og kontantar.

Blir det fotografert på festivalområdet?

Ja. Festivalen sine fotografar tek bilete og film på festivalområdet, og dette kan bli brukt i marknadsføringa til Palepop. Privat foto og film til kommersiell bruk må avtalast med festivalleiinga på førehand.