Nytt namn til Palepop 2027 · Fredag

Zimmermann

Endeleg kan me visa fram ein av neste års største fangstar!🤩

Zimmermann
Zimmermann · Foto: Paulina Kolataj

Årets stjerneskot, Zimmermann, har sjarmert heile landet dei siste månadene. Med sin unike evne til å balansere inderlegheit, humor og treffande historieforteljing kjem sandefjordingen til Stangeland Gard neste sommar. Sidan debuten har han toppa Spotify Topp 50, samla titals millionar strøymingar og hatt over 100 veker på norske radiolister!!🙌🏻🎶✨

Han og Bjørn Eidsvåg vann nettopp Spellemann for månadens låt i september med «I takt med deg», og er derfor også nominert til årets låt under Spellemannprisen🤩

Når han tek med seg heile bandet til Stolmen, kan du vente deg alt frå drøymande balladar til energiske, rocka poplåtar. Gjer deg klar for både allsang og gåsehud til låtar som «Ti av ti», «I takt med deg» og «Kom som du er».

Zimmermann