Nytt namn til Palepop 2027 · Laurdag

waver

Storfangst på heimebane: Storebø-legendene waver kjem til Palepop 2027!

waver
waver

waver merkte seg sterkt ut tidleg på 2000-talet med sin særeigne blanding av bråkete pop og melodisterk rock, noko som førte til at dei vart omtalte som «Bob Hunds vestlandske fetter». No får både gamle og nye fans moglegheita til å oppleve bandet sin energiske låtskrivarkunst på heimleg grunn her i Austevoll.

Med perler som «Naked», «All around the world» og «Sunday» frå deira særs eksklusive skive Storebø Rock Vol 1, kjem publikum garantert til å drøyme seg tilbake til ein uredd og kreativ periode i vestnorsk rockehistorie.

Dette vert eit varmt gjensyn med eit rockeband som framleis har mykje palesprell og kystenergi å tilby publikum!