Nytt namn til Palepop 2027 · Laurdag

SKULK

Rockebandet SKULK kjem til Stangeland Gard!

SKULK
SKULK

Me er særs nøgd med å klart å halt i land dette relativt ukjente (enn så lenge) rockefenomen frå Trøndelag! SKULK er eit Trondheimsbasert rockeband som på kort tid har markert seg og blir omtala som eit av dei mest spennande nye norske rockenamna. Bandet vart danna i 2024 og har tydeleg inspirasjon frå blant anna Muse, Radiohead, Foo Fighters, Slipknot og Kvelertak.

Med drivande gitarar, sterke melodiar og store kontrastar dreg dei publikum - frå det nedstrippa og melakonske - til stormfulle og energiske høgder!

Debutalbumet A State of Noise frå 2025 har allereie passert 1,3 millionar strøymingar på Spotify og når dei set kursen mot Stangeland Gard så tek dei med seg rykande ferske låtar med melankonske melodiar, tunge gitarriff og eit energinivå som definitivt er skrudd på maks! Gjer deg klar for ei skikkeleg oppvisning i rå og kompromisslaus rock i Austevoll!