Nytt namn til Palepop 2027 · Fredag og laurdag
Silent Disco Club
I år dreg vi i land Silent Disco Club, og vi gler oss til å sjå heile Palepop danse i si eiga musikkboble!

Det er enkelt – ditt eige headsett, 3 DJ-ar, endelaus musikk og eit fullt dansegolv med ein stim av folk. Med fleire kanalar å velje mellom, kan du sjølv bestemme kva for ei bølgje du vil danse i!
Musikalsk er det meste lov. Forvent ei salig blanding av sveitte 80-talsperler, pop-perler frå det deilige 90-talet, hiphop, R&B, nye og gamle bangers, remiksar, mashups, svisker og andre gullperler.
Og når tusenvis av menneske syng og dansar til tre ulike låtar samstundes, er det uansett ingen som har tid til å skamme seg. Då har ein det berre jævlig, jævlig artig!