Nytt namn til Palepop 2027 · Fredag
Seagulls
Høyrer du måsane skrik?

Årets andre fangst er SEAGULLS!
Etter stor suksess som opningsnummer på EKODA-scena i år, er Seagulls klare til å gjenta suksessen på neste års Palepop!
Dei har energi og speleglede som sjølv får den stølaste hesjastauren til å sprella som ei halt pala!
Gjer deg klar for fengande covers og egne låtar som "Mrs. Ginger", "Seagulls" og "Ocean of fear". Det blir ellevill stemning og ein hattefest du seint vil gløyma. Her blir det full fres frå første tone til siste bølgje!
So finn fram matroshatten tidsnok til ein ellevill konsert på Stangeland Gard! – dette vil du ikkje gå glipp av!