Nytt namn til Palepop 2027
Krøll
Gjer dykk klare for høge bølgjer!

Krøll er eit indiepop/rock-band som byr opp til ville dansemoves og allsong – heilt uavhengig av om du har songstemme, rytmekjensle eller krøllar sjølv.
Mannskapet har base i Bergen, men består av fire rogalendingar som har følgt kyststraumen nordover for å ta musikkscena med storm. Dei har allereie skapt store dønningar på fleire konsertar, og no er dei klare for å skylje over Palepop og vise kva dei har å by på. Det er berre å kaste loss og bli med på allsongen!