Nytt namn til Palepop 2027 · Fredag

Irina Benjamin

Irina Benjamin er ein artist med forkjærleik for den tidlause musikken frå 70-, 80- og 90-talet.

Irina Benjamin
Irina Benjamin

Med inspirasjon frå disco, soul, pop og rock skapar ho eit musikalsk uttrykk som kombinerer eit retroinspirert lydbilde med sin eigne artistiske identitet. I 2026 tok Irina steget inn i rampelyset gjennom deltakinga si i The Voice Norge. Med eit smil, nye erfaringar og enda større musikalske ambisjonar fortset ho å utvikle seg som artist.

Med solfylte melodiar, nostalgiske tonar og smittande spilleglede inviterer Irina publikum til ei musikalsk oppleving fylt med sommaridyll, dans og god stemning. På scenen byr ho på ein energisk miks av eigne låtar og utvalde coverlåtar – og kanskje ein gjesteopptreden?

Med mål om å skape den perfekte sommarkjensla blir det ei konsertoppleving fylt med varme, energi og musikalske øyeblikk som forhåpentlegvis varer lenge etter at sola har gått ned.