Charlie Skien
Me er svært nøgd med å halt i land indiepop-artisten Andreas Høvset – betre kjend som Charlie Skien – til neste års Palepop!

Høvset gjorde seg først kjend gjennom bandet Verdensrommet, og har også vore delaktig i EMIR, Hester V75, Anna of the North og Sushi x Kobe. I 2018 lanserte han sitt eige soloprosjekt, Charlie Skien, der han for alvor har fått skinne som låtskrivar og historieforteljar.
Debutalbumet "Det gjør ikke vondt" frå 2024 fekk strålande mottaking for kombinasjonen av melankoli og varme. Morgenbladet omtalte plata som «eit meisterstykke» og perler som «Kunstig selvtillit», «Du har aldri» og «Hva vet du» er eit sterkt bevis på evna hans til å formidle det mange kjenner på, men få klarer å seia høgt.
I haust har Charlie Skien kome ut med fleire singlar som har hausta lovord frå fleire hald, og fleire utgjevingar er venta på tampen av året!
Dette er ein artist som treff rett i hjartet – uanstrengt, presist og uunngåeleg. Me gler oss stort til at han og bandet sett ankar med Stangeland Gard neste sommar!