Bigbang
Me har gleda av å presentere årets første fangst til Palepop 2027!

Tre musikerar, éin gitar, bass og trommer – meir trengst ikkje når ein har den musikalske dugleiken til Bigbang!
Øystein, Olaf og Nikolai tek med seg den ikoniske trio-energien til Stangeland Gard. Det er få band som har sett eit så djupt og varig spor i den norske rockesjela som Bigbang. Sida gjennombrotet har dei levert hit etter hit, og sikret posisjonen sin som eit av dei mest ettertrakta livebanda i landet.
Bigbang har levert legendariske konsertopplevingar og udøydelege klassikarar i over to tiår. Frå tunge riff til uforgløymelige refreng – dette bandet veit nøyaktig korleis dei skal løfte stemninga til vanvitige høgder. Alt ligg til rette for ein uforgløymeleg kveld med klassikarane «Girl in Oslo», «To the Mountains» og «Wild Bird» under open himmel!
Me gler oss til neste år!